Mitt liv i datoar og årstal
|
| 8. mai 1971 |
|
Eg vart født huset til tanta mi på Sotra. Eg hadde så hastverk at eg ikkje kunne vente til mora mi kom fram til klinikken.
|
| August 1978 |
|
Min første skuledag. Du kan sjå eit klassebilete frå eit av dei første skuleåra her.
|
| Juni 1987 |
|
Eg vart ferdig med grunnskulen.
|
| Somaren 1987 |
|
Språkreise til Brighton i Storbritannia.
|
| 1987 - 1988 |
|
Første året på Sotra Vidaregåande skule.
|
| 1988 - 1989 |
|
Siste året (12.) på Southside High School i Alabama, USA. Eg budde Hazel og C.B. Hunt som var mine vertsforeldre det året.
|
| 1989 - 1991 |
|
Andre og tredje året ved Sotra Vidaregåande Skule. Russ 1991.
|
| 9. september 1991 |
|
Eg vart valt inn i kommunestyret i Fjell kommune, som representant for Moderat Ungdomsliste.
|
| September 1991 - november 1992 |
|
Førstegongsteneste i Marinen. Eg tenestegjorde på Velferdskontoret på Haakonsvern Orlogsstasjon og hadde ansvaret for å lage leiravisa.
|
| November 1992 - mars 1994 |
|
FN-teneste i Somalia (UNOSOM). Eg arbeidde som radiooperatør og skrivar/sjåfør ved det militære etteretningskontoret ved UNOSOM Force HQ.
|
| 1994 - 1998 |
|
Siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøgskule i Bergen.
|
| 7. mars 1998 |
|
Knut Egner, Vegard Thorsen og eg vann Norgesmesterskap i Bedriftsledelse (SBT) arrangert av NHH.
|
| Mai 1998 |
|
Starta å arbeide for Norges Bank Investment Management (NBIM) i Oslo.
|
| Desember 2002 - februar 2003 |
|
Jobba ved Londonkontoret til NBIM.
|
| August - november 2004 og april - august 2005 |
|
Jobba ved NBIM sitt kontor i New York.
|
| 11. desember 2004 |
|
Eg gifta meg med Anton Dimitrov i Oslo.
|