Mine album sortert etter år
|
| 2010 |
|
Argentina
Eg var nokre dagar i Buenos Aires under ei reise til Sør-Amerika.
|
| 2009 |
|
Mexico
Eg reiste på eit cruise frå LA til Mexico i oktober 2009. Vi stoppa i Puerto Vallarta og Cabo San Lucas.
|
| |
|
USA
Diverse reiser rundt omkring i USA.
|
| |
|
New York, USA
Bilete frå New York City.
|
| |
|
Quebec, Canada
Eg reiste til Montreal for den amerikanske Memorial Day-helga (mandag fri). Quebec er hovedsakleg fransk-språkleg og kjennest meir europeisk enn resten av Nord-Amerika.
|
| |
|
Karibia
Etter eit sjudagars cruise ombord på Freedom of the Seas, reiste eg til Jamaica, Cuba og Den dominikanske republikk.
|
| 2008 |
|
New York, USA
Eg flytta til New York i august 2008.
|
| |
|
Latvia
Under ein helgetur til Riga, tok eg ein tur til byen Jelgava sør i Latvia.
|
| |
|
Eurosong-tur
Saman med en kamerat køyrde eg frå Oslo til Beograd i Serbia for å sjå finalen i Melodi Grand Prix. På vegen stoppa vi i Praha, Bratislava, Budapest og Timisoara.
|
| |
|
New Zealand
Eg vitja Auckland, Wellington, Rotorua, Waitomo og Picton i mars 2008. Det er eit kjempevakkert land, og eg skal definitivt tilbake dit seinare.
|
| |
|
Australia
Ferie i Australia, mars 2008.
|
| 2007 |
|
Ukraina
I desember 2007 vitja eg det nest største (i areal) landet i Europa - Ukraina.
|
| |
|
Tsjekkia
Eg vitja Praha igjen i 2007, 11 år etter min forrige tur dit.
|
| |
|
Spania
Eg vitja den spanske hovudstaden, Madrid, og nabobyen Toledo i slutten av august.
|
| |
|
Bulgaria
Eg vitja Sofia i Bulgaria nokre dagar tidleg i mai.
|
| |
|
Swaziland
Frå Mosambikk køyrde eg til nabolandet Swaziland, der målet var ein av dei beste private viltreservata.
|
| |
|
Mosambikk
På mi rundreise i det sørlege Afrika var eg nokre dagar i Mosambikk, eit av dei fattigaste landa i verda.
|
| |
|
Sør-Afrika
Sør-Afrika var base for ferien min i det sørlege Afrika dei to siste vekene i mars 2007. Eg budde i Pretoria, Johannesburg og Cape Town.
|
| |
|
Zambia
Frå Zimbabwe kryssa eg Victoria Falls-brua over til Zambia for å sjå falla frå den zambiske sida.
|
| |
|
Zimbabwe
Eg var ein dag i Zimbabwe for å sjå ein av dei største attraksjonane i Afrika, Victoriafalla.
|
| 2006 |
|
Istanbul, Tyrkia
Eg var ei veke i Istanbul på grensa mellom Europa og Asia.
|
| |
|
Moskva, Russland
Vi var i Moskva ei veke i september/oktober.
|
| |
|
Aserbajdsjan
Eg vitja Baku i juni 2006, og tok deretter nattoget vidare til Tbilisi i Georgia.
|
| |
|
Georgia
Eg kom til Georgia med toget, og det eg såg frå toget gjorde meg skeptisk... inntil eg såg sentrum av Tbilisi, som er ein ganske sjarmerande by.
|
| |
|
Norge
Våren er den årstida eg likar best i Norge.
|
| 2005 |
|
Paris, Frankrike
Vi vitja Paris nokre dagar i desember 2005.
|
| |
|
Sverige
På veg til og frå Københamn køyrde vi gjennom Sverige og stoppa mellom anna i Gøteborg og ved Uddevalla-brua.
|
| |
|
Puerto Rico
Vi hadde ei langhelg i Puerto Rico i byrjinga av august. Vi budde i hovedstaden San Juan, og vitja mellom anna Bacardi-destilleriet like utanfor byen.
|
| |
|
USA
Etter at vi flytta til New York, USA i april 2005 har reist til mellom anna Philadelphia, San Francisco, Los Angeles, Las Vegas og nasjonalparkane Yosemite, Death Valley og Grand Canyon.
|
| |
|
New York, USA
Vi budde i New York frå april til august i 2005.
|
| |
|
Storbritannia
Vi reiste til London for eit par dagar i påska 2005.
|
| |
|
Berlin, Tyskland
Siste helga i februar 2005 vitja vi den fjerde største byen i Europa, Berlin.
|
| |
|
Vestlandet
Den 27. januar 2005 fekk kona til broren min ei lita jente. Anton og eg reiste til Sotra for å sjå den nyfødte. Vi vitja også Bergen.
|
| |
|
Nederland
Anton og eg reiste på ein helgetur til Amsterdam i januar 2005.
|
| 2004 |
|
Oslo
I desember 2004 flytta eg midlertidig tilbake til Oslo for å gifte meg der.
|
| |
|
Ontario, Canada
Helga før Halloween reiste eg frå New York til Toronto i delstaten Ontario i Canada. Derifrå reiste eg vidare til Niagara Falls, som ligg på grensa mot USA.
|
| |
|
New York, USA
Medan eg budde i New York frå August til November 2004, laga eg fotoalbum frå Times Square, Staten Island-ferja og den årlege Greenwich Village Halloween Parade.
|
| |
|
Svalbard, Norge
Eg vitja Svalbard heilt i slutten av mai 2004. Svalbard som ligg omtrent midt mellom det norske fastlandet og nordpolen, har midnattssol i omlag fire månader om sommaren. I tillegg til dei norske busetnadene på øygruppa er det også ein russisk busetnad og ein liten polsk stasjon.
|
| |
|
Kypros
Eg kom til Kypros to dagar etter at gresk-kypriotane i sør hadde avvist framlegget frå FN og EU om å gjenforeine dei to delane av øya, og dermed stoppa dei tyrkisk-kypriotane frå bli med resten av Kypros inn i EU ei veke seinare, den 1. mai. Eg budde i Ayia Napa, men vitja også Lefkosia (Nicosia), verdas einaste hovedstad som framleis er delt.
|
| |
|
Portugal
I mars 2004 var eg 3 dagar i Lisboa, hovedstaden i Portugal. Der utforska eg sentrum av byen, den historiske bydelen Belém og sørsida av elva Tejo, der den kjente Cristo-Rei-statuen står.
|
| |
|
Moskva, Russland
Eg var i Moskva i februar 2004. Det som imponerte mest var metroen. Stasjonane er praktfullt dekorerte med marmorgolv, måleri på veggane, statuar og lysekroner.
|
| 2003 |
|
Estland
Eg reiste tilbake til Estland i oktober og desember, etter mi rundreise i Baltikum i august 2003.
|
| |
|
Nordisk og baltisk rundtur
Frå den 31. juli til den 24. august reiste eg på bilferie rundt Austersjøen. Eg køyrde gjennom 10 ulike land, og overnatta i 8 byar; Stockholm, Helsinki, Tallinn, Riga, Vilnius, Minsk, Kaliningrad og København.
|
| |
|
USA
Eg vitja New York att i juni 2003. Denne gongen gjekk eg over Brooklyn Bridge og utforska Downtown Manhattan, inkludert Ground Zero, nesten to år etter terroråtaka.
|
| |
|
Island
Eg var på Island to gongar i 2003, først den siste helga i mai, og deretter i november. Begge gongane budde eg i Reykjavik, og på den første turen vitja eg også Þingvellir, Gullfoss og Geysir.
|
| |
|
Norge
Den 8. april fekk søstera mi ei dotter, og veka etter reiste eg for å vitja dei to og resten av familien på vestlandet.
|
| |
|
Marokko
Eg hadde ein ferie på ei veke i Marokko saman med Christopher i slutten av mars - den første veka av krigen i Irak. Vi vitja Casablanca, Marrakesh og Rabat.
|
| |
|
Belgia
Den første helga i 2003 reiste eg til hovedstaden i Europa, Brüssel. Byen har definitivt meir å by på enn trøtte byråkratbygningar.
|
| 2002 |
|
Skottland, Storbritannia
Like før jul 2002 reiste eg til Edinburgh og Glasgow i Skottland, Storbritannia, med ein kamerat. Edinburgh er hovedstaden i Skottland og full av historiske bygningar, medan Glasgow er ein meir pulserande storby.
|
| |
|
Italia
Eg vitja Roma saman med ein kamerat i desember 2002. Dette var første gongen eg har vore i den Evige Byen.
|
| |
|
Sør-Afrika
I oktober 2002 var eg på ferie i Sør-Arika. Mesteparten av tida var eg i Cape Town, men reiste også til nærtliggjande Kapp det Gode Håp, Simonstown og Stellenbosch, samt Sun City og Johannesburg som ligg lenger unna.
|
| |
|
Namibia
Eg vitja dette vakre landet i oktober 2002. Landet har nokre flotte byar, eit variert dyreliv og god plass. Eg var med på eit tandem fallskjermhopp medan eg var i Namibia også.
|
| |
|
Irland
Eg vitja Dublin, Irland, i september 2002, og var blant anna innom Guinness-bryggeriet, Tninity College, Dublin Castle og Temple Bar.
|
| |
|
Gran Canaria
Medan eg var på ferie på Gran Canaria med 3 kameratar i august 2002, leigde vi ein bil og køyrde opp til fjellet Roque Nublo (1803 m.o.h.) i midten av øya.
|
| |
|
Norge
Eg var ei helg i Oslo for å få med meg 17. mai og var også med på ein båttur med vennar.
|
| |
|
Spaina
I slutten av februar 2002 var eg på ein konferanse i Barcelona, og nytta høvet til å vitje fjellet Montserrat som ligg i nærleiken.
|
| 2001 |
|
Argentina
I november 2001 hadde eg ein tre vekers ferie i Sør-Amerika. Ferien starta og slutta i Buenos Aires, hovedstaden i Argentina. Eg vitja også Iguazufossane på grensa til Brasil.
|
| |
|
Chile
Eg var tre dagar i Chile, og var innom byane Santiago, Valparaiso og Vina del Mar. Eg likte verkeleg godt det eg fekk sjå av dette landet. Her skal eg tilbake snart!
|
| |
|
Brasil
Eg var i Brasil i litt over ei veke. Mesteparten av tida var eg i Rio de Janeiro, men eg var også innom São Paulo og Foz do Iguacu.
|
| |
|
Paraguay
Medan eg var på ferie i Sør-Amerika i november 2001, tok eg ein snartur innom grensebyen Ciudad del Este i Paraguay. Denne byen ligg like ved Foz do Iguacu, Brasil.
|
| |
|
Uruguay
Eg reiste til Montevideo i Uruguay for å tilbringe nokre dagar på stranda. Det viste seg å vere eit mistak. Stranda der var den verste eg har sett.
|
| |
|
Frankrike
Den 8. september 2001 tok eg ein dagstur frå Monaco til Cannes. Det meste av dagen tilbragte eg på stranda.
|
| |
|
Monaco
Eg var fire dagar i Monaco i byrjinga av september. I tillegg til å delta på ein konferanse, fann eg også tid til å gamble på casinoet.
|
| |
|
USA
Eg vitja New York igjen i juli 2001. Denne gongen fekk eg med meg ein tur til toppen av både World Trade Center og Empire State Building.
|
| |
|
Tokyo, Japan
I byrjinga av mai 2001 var eg ei veke i Tokyo.
|
| |
|
Spania
Eg var nokre dagar i Barcelona i slutten av februar 2001.
|
| 2000 |
|
Israel
Ei veke før jul i 2000 var André og eg i Jerusalem i Israel på vår rundreise i Midtausten.
|
| |
|
Jordan
Medan vi var på ferie i Egypt i desember 2000, reiste André og eg eg ein tur til Jordan. Vi vitja oldtidsbyen Petra og Daudehavet.
|
| |
|
Egypt
I desember 2000 var eg to veker i Egypt saman med André for å komme bort frå den kalde norske vinteren.
|
| |
|
London, Storbritannia
I løpet av ei helg i September 2000 freista eg å rekke over så mykje som mogeleg i London, saman med André.
|
| |
|
Sydney, Australia
Eg var i Sydney, Australia, i to veker like før opninga av dei olympiske sommarleikane i 2000.
|
| |
|
Norge
Ein tur til hytta i Valdres, samt bilete frå nokre stavkyrkjer i området.
|
| |
|
Tyrkia
Ein dagstur frå Chios til Cesme i Tyrkia.
|
| |
|
Hellas
Erik og eg reiste til den greske øya Chios utanfor kysten av Tyrkia frå den 29. april til den 6. mai 2000.
|
| 1999 |
|
USA
I desember 1999 hadde eg eit kort opphold i New York, medan eg var ute og reiste for jobben.
|
| |
|
Tunisia
Ferie til kysten av Tunisia med typen min, Erik, frå den 4. til den 10. mai 1999. I tillegg til å bade i Middelhavet reiste vi også rundt i landet.
|
| 1996 |
|
Sentral- og Aust-Europa
Ein bilferie på kryss og tvers i Sentral og Aust-Europa saman med to medstudentar frå Norges Handelshøgskule i august 1996. Vi overnatta i Venezia, Krk, Split og Praha.
|
| 1993 |
|
Hong Kong, Macao og Kina
I september 1993, medan eg arbeidde som FN-soldat i Somalia, reiste eg til Hong Kong, Macao og Kina. På den tida var Hong Kong ein britisk koloni, medan Macao var en portugisisk koloni.
|
| |
|
India
Ikkje spør meg kvifor, men i 1993 reiste eg til India, saman med ein medsoldat som også ville bort frå Somalia ei stund. Vi reiste til Mumbai (den gong kalla Bombay) og deretter vidare til det tidlegare hippie-paradiset Goa, som no er ein noko meir familievennleg turistdestinasjon.
|
| |
|
Kenya
Eg var mange gangar i Kenya medan eg jobba som FN-soldat i nabolandet Somalia.
|
| 1992 |
|
Somalia
Frå desember 1992 til mars 1994 gjorde eg teneste som FN-soldat i Mogadishu, Somalia. United Nations Operations in Somalia (UNOSOM) blei oppretta for å gjere slutt på krig og svolt i landet. På det meste var det rundt 30 000 soldatar frå heile verda med i FN-operasjonen.
|
| 1991 |
|
Polen
I juli 1991, rett etter at eg var ferdig med den vidaregåande skulen, var eg ein månad i Pulawy i Polen for å vere lærarassistent på eit engelsk språkkurs for polske elevar. Etter kurset reiste vi til Krakow, Zakopane og Warszawa.
|
| 1988 |
|
USA
Frå august 1988 til juni 1989, var eg utvekslingsstudent ved Southside High School i Alabama, USA. Eg reiste også til mange andre delar av landet.
|
| |
|
Norge
Heimen min på Sotra før eg reiste til USA som utvekslingsstudent i eit år.
|
| 1971 |
|
Barndomen
Eg er født på Sotra i 1971, og vaks opp der.
|