Karl-Ove Vindenes
  
In English På norsk Русский
Jordan - Petra
Zimbabwe - Victoriafalla
New Zealand - Auckland
Karibia - Havana, Cuba
Quebec, Canada - Montreal

 
Mest populære album

Somalia - Mogadishu
Tokyo, Japan - Det nye Tokyo
Sydney, Australia - Byen
Oslo - Bryllaupet
Jordan - Petra
Topp 30
 
 
 
Search
 

Klikk på verdsdel Album frå Nord-Amerika Album frå Afrika Album frå Asia Album frå Oceania Album frå Sør Amerika Album frå Europa
Land eg har vitja er farga raude. Klikk på eit kontinent for å sjå album derifrå.

 

 

2001 Tokyo, Japan - Det nye Tokyo

Tokyo er ein moderne by med 12 millionar innbyggjarar. Byen er reinare enn dei fleste byar på liknande storleik, og kriminalitet eksisterer knapt. Folket er meir homogent enn i dei fleste storbyar.
 
 
 
Den dagen eg kom til Tokyo, regna det. Dette biletet vart tatt i Ginza - eit av dei meir fasjonable shopping-distrikta i Tokyo. Kvar sundag blir gatene gjort om til gågater.
 
 
 

 
 
Dette er også i Ginza, men ein dag då det var blå himmel.
 
 
 

 
 
Shinjuku undergrunnsstasjon. Dette er den mest travle undergrunnsstasjonen i Tokyo. Kvar dag passerer over to millionar menneske gjennom korridorane på denne stasjonen, som er eit komplett kaos over fleire etasjar. Det er mogleg å gå over ein kilometer under bakken på denne stasjonen.
 
 
 

 
 
I helga tok eg ei ferge opp Sumida-gawa til Asakusa for å sjå nokre gamle tempel.
 
 
 

 
 
Hunden Hachito er velkjent i Tokyo. Han følde herren sin til Shibuya stasjon kvar morgon, og kom han i møte igjen om kvelden. Etter at eigaren døydde i 1925 heldt Hachito fram med å komme til stasjonen kvar kveld heilt fram til han døydde sju år seinare. Der venta han kvar dag til siste tog hadde komme, for så å tusle trist heim att. Slik lojalitet set japanarar pris på.
 
 
 

 
 
Kvar søndag er det ei ganske utfrika menneskemengd rundt Shibuya stasjon. Det er her opprørsk ungdom held til - så opprørsk som det kan bli i Japan.
 
 
 

 
 
Shinjuku er ein av dei mest populære nattelivsområda i Tokyo.
 
 
 

 
 
Lokale artistar underheld utanfor Studio Alta ved sida av Shinjuku undergrunnsstasjon.
 
 
 

 
 
Parlamentsbygningen ser ganske snål ut. Bygginga starta i 1920, men det tok 16 år å gjere bygget ferdig. Tempoet vart senka av generalane som sat med makta den gongen - dei ville ikkje ha eit parlament som skulle blande seg inn i styringa av landet.
 
 
 

 
 
Sanno Park Tower sett frå ein bakketopp nær bygget.
 
 
 

 
 
Akasaka sett frå Sanno Park Tower.
 
 
 

 
 
Tokyobørsen.
 
 
 

 
 
Tokyobørsen har gått over til eit elektronisk handelssystem, så det er ikkje mange menneske som spring rundt og roper slik som vanleg på ein gammaldags børs. Dette er det sentrale overvakingsområdet der all aktiviteten på børsen blir kontrollert frå.
 
 
 

 
 
Store skjermar viser dei siste kursane, samt ein business-TV-kanal.
 
 
 

 
 
Og dette er meg som ser utover dei som ser til at alt går rett for seg på børsen.
 
 
 

 
 
I Sony-bygningen i Ginza er det seks etasjar med alle dei nyaste produkta til Sony.
 
 
 

 
 
Underhaldningsdistriktet Roppongi. Det er her dei fleste utlendingane (gaijin) bur og går ut om kvelden. I bakgrunnen kan ein sjå Tokyo sin versjon av Eiffeltårnet. Denne er omlag 10 meter høgare enn originalen.
 
 
 

 
 
Japanarar likar elektronikk (det gjer forresten eg også). Dette er kontrollpanelet til eit toalett! Dersom du frys på stumpen, kan du skru på varme. Eg turde ikkje eksperimentere med desse knappane, sidan all teksten var på japansk. Uansett; ganske interessant.
 
 
 

Tilbake til oversiktsida for Tokyo, Japan.

  
© Karl-Ove Vindenes