2000 Jordan - Petra
Vårt første stopp var i oldtidsbyen Petra. Byen vart høgd i fjellet for omlag 2000 år sidan.
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
For å komme til byen Petra, som vart bygd av nabatearane mellom år 100 f.Kr. og 100 e.Kr., må ein gå gjennom denne lange og smale kløfta. På kvar side har det blitt høgd ut vassrenner i fjellet.
|
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Etter å ha gått ganske lenge, kjem det ei opning i passasjen, og ein kan sjå dette imponerande monumentet som er høgd ut i ei fjellside. Det vert kalla Al-Khazneh Farun (Skattkammeret til faraoen). |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Eg såg omkring inne i monumentet. Utsida er rikt dekorert, medan innsida er heilt enkel. Petra vert også kalla den raude byen. Inne i monumenta kan ein tydeleg sjå dei mange fargane i fjellet.
|
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Mange av dei fine detaljane har overlevd i 2000 år på grunn av den verna lokaliseringa til dette bygget.
|
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
André framfor Al-Khazneh Farun. |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Nabatearane var glade i teater og høgde ut eit amfiteater i ei fjellside. Etter at romarane overtok makta i Petra i 106 e.Kr., utvida dei teatret. Biletet er tatt frå eit av dei bakre rekkjene. André er den små prikken nede på arenaen. |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Inne i Urnegrava - ei av kongegravene. Legg merke til dei mange fargane på veggane og i taket. |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Denne mannen selde gamle myntar og figurar som han hevda var frå tida til nabatearane og romarane. Han kunne også fortelje oss litt om historia til denne staden. På biletet står han framfor Urnegrava. |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Her slappa eg av inne i eit utgravingsområde der ein har funne eit stort tempel. Utgravingane hadde pågått nokre år og var enno ikkje ferdig. |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Vi ville også sjå Al-Deir - eit stort monument som ein trur har vore nytta til tempel. Det ligg nokre kilometer frå det sentrale området i Petra, og vi måtte gå gjennom eit dramatisk landskap for å komme til toppen av eit fjell. |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
André inne i Al-Deir. Inngongsdøra er 8 meter høg. Som med andre monument, er innsida ganske enkel (men likevel imponerande). |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Al-Deir er eit av dei best verna monumenta i Petra. Det er 50 meter breidt og 45 meter høgt. |
|
|
 |
|
 |
|
 |
|
 |
| |
 |
 |
Om kvelden åt vi middag på denne fint dekorerte restauranten på Mövenpick Hotel i Petra. |
|
|
 |
|
 |
|
|
|
|