Karl-Ove Vindenes si heimeside | Foto-blogg
Karl-Ove Vindenes
  
In English På norsk Русский?
Jordan - Petra
Zimbabwe - Victoriafalla
New Zealand - Auckland
Karibia - Havana, Cuba
Quebec, Canada - Montreal

 
Mest populære album

Somalia - Mogadishu
Tokyo, Japan - Det nye Tokyo
Sydney, Australia - Byen
Jordan - Petra
Oslo - Bryllaupet
Topp 30
 
 
 
Search
 

Klikk på verdsdel Album frå Nord-Amerika Album frå Afrika Album frå Asia Album frå Oceania Album frå Sør Amerika Album frå Europa
Land eg har vitja er farga raude. Klikk på eit kontinent for å sjå album derifrå.

 

 

Min foto-blogg

 
 
MÃ¥nen sett gjennom mitt nye teleskop.
 
 
 

 
 
Utsikta frå mitt krypinn på Manhattan.
 
 
 

 
 
PÃ¥ toppen av Sydney Harbour Bridge den 3. mars 2008. Utsikta er heilt fantastisk!
 
 
 

 
 
Her er eg med alle eg er onkel til; Kian, Keven, Jenny og Cora. Keven vart født den 11. februar 2008, og på dette biletet var han mindre enn ei veke gamal.
 
 
 

 
 
Mine nieser, Jenny og Cora, og min nevø, Kian, på 1. juledag 2007.
 
 
 

 
 
Og vinnaren er...
 
 
 

 
 
Ein fin haustdag i oktober ved Maridalsvatnet i Oslo.
 
 
 

 
 
Båten min vart sjøsatt den siste dagen i mai 2007, etter å ha stått på land gjennom vinteren. Dette biletet er frå Langøyene i Oslofjorden.
 
 
 

 
 
Niesa mi, Jenny, fylte to år den 27. januar 2007.
 
 
 

 
 
Eg lagde eit pepperkake-eiffeltårn for jula 2006.
 
 
 

 
 
Søstera mi, Anita, med god hjelp frå mannen Frode, sørgde den 11. april 2006 for at eg fekk min første nevø, Kian Nikolai.
 
 
 

 
 
Vi flytta inn i ein ny bustad i Inkognitogata 2 den 6. januar 2006.
 
 
 

 
 
Nyttårsaftan heime hjå Svetlana, tanta til Anton, i Tallinn.
 
 
 

 
 
PÃ¥ Brooklyn Bridge med Manhattan Bridge i bakgrunnen.
 
 
 

 
 
Eg møtte Albert Einstein i New York... på Madame Tussaud's.
 
 
 

 
 
Her er eg på taket av bygget der vi no bur, 777 Sixth Avenue, New York. I bakgrunnen ser ein Midtown og Empire State Building.
 
 
 

 
 
Svigermor, Nelli, vitja oss ei veke i slutten av januar 2005. Dette biletet er framføre Oslo Rådhus.
 
 
 

 
 
Meg og partnaren min, Anton, på bryllupsdagen den 11. desember, 2004. Vi hadde lunch på Værtshuset Bærums Verk like utanfor Oslo. Du kan sjå fleire bilete her.
 
 
 

 
 
Om kvelden den 27. oktober (om morgonen den 28. etter norsk tid) var det ei måneformørking. Jorda kom direkte mellom sola og månen, og kasta dermed skugge på månen. Før han vart heilt mørk, vart månen farga oransje og raud av atmosfæra til Jorda. Dette biletet vart tatt i New York.
 
 
 

 
 
To kraftige lysstråler mot himmelen markerte treårsdagen for kollapsen til tvillingtårna i World Trade Center. Dette biletet vart tatt frå taket av huset der eg bur i Chelsea, New York.
 
 
 

 
 
Eg flytta til New York i slutten av august i 2004. Sasa, ein kamerat frå Oslo, vitja meg der, og ein kveld åt vi middag på Rainbow Room i 65. etasje av GE-bygningen på Rockefeller Plaza. Empire State Building kan sjåast i bakgrunnen.
 
 
 

 
 
Onkel Svein (i midten) feira 50-årsdagen sin den 14. august 2004. Faren min var toastmaster, og Svein (og resten av publikum) vart litt nervøs han trua med å spele fele og la Svein prøve seg på hallingkast. Men i staden introduserte han hellar Bjørn Jensen frå Salhusvinskvetten og, litt seinare, Tor Endresen til å ta seg av underhaldninga.
 
 
 

 
 
Ein regnboge sett frå huset til foreldra mine kl 22 den 9. juli 2004.
 
 
 

 
 
Søstera mi, Anita, gifta seg med Frode den 24. april 2004. Dette biletet er frå trappene til Tinghuset i Bergen etter seremonien.
 
 
 

 
 
I november 2003 kjøpte eg ei Beachworld biosfære på Fortnum & Mason i London. Glasskula inneheld eit komplett økosystem, med reker, alger og bakteriar. Så lenge algene får lys kvar dag produserer dei oksygen, og dei er også mat for rekene, medan bakteriar tar seg av avfallsstoff. Slike miniatyr-økosystem kan halde seg gåande i mange år.
 
 
 

 
 
Dette er meg og niesa mi, Cora Margrethe, den 13. september 2003. Ho var her 5 månadar gamal.
 
 
 

 
 
Bustaden i London frå desember 2001 til februar 2003.
 
 
 

 
 
Eg var i New York i desember 2001, og vitja Ground Zero der tvillingtårna i World Trade Center stod fram til 11. september det året. Det kom framleis røyk frå ruinane, og brannvesenet spylte framleis vatn for å slukke flammene nedi haugen med bygningsrestar. Flammane døydde til slutt ut seinare same månad, 100 dagar etter dei starta. I bakgrunnen er bygget til Deutsche Bank. Dette blei treft av det sørlegaste tvillingtårnet.
 
 
 

 
 
Dette er eit bilete av meg på jobb i Norges Bank Kapitalforvaltning. Front Office flytta til eit nytt rom den første helga i mai 2000, og dette biletet vart tatt den første dagen i dei nye lokala. Eg er midt i biletet.
 
 
 

 
 
På veg frå Bergen til Oslo, stoppa eg den 24. oktober 1999 ved Vøringfossen i Måbødalen. Fossen har eit imponerande fritt fall på 145 meter, men trykket er heller labert utanom turistsesongen.
 
 
 

  
© Karl-Ove Vindenes