Rundtur rundt Austersjøen

Frå den 31. juli til den 24. august reiste eg på bilferie rundt Austersjøen. Eg køyrde gjennom 10 ulike land, og overnatta i 8 byar; Stockholm, Helsinki, Tallinn, Riga, Vilnius, Minsk, Kaliningrad og København.

Stockholm, Sverige

Første stopp på ferien var i Stockholm, der eg var i tre dagar. Eg var der under avsluttinga av Stockholm Pride, så eg fekk med meg paraden på laurdagen.

Helsinki, Finland

Frå Stockholm tok eg ferja over til Helsinki i Finland.

Tallinn, Estland

Ein kort ferjetur tok meg over til Tallinn, hovedstaden i Estland. Tallinn er ein hyggeleg by med ein godt preservert gamleby.

Riga, Latvias

Riga er ca 4 timars køyring frå Tallinn. Riga er ein relativt stor by med nesten ein million innbyggjarar, og også der er det ein koseleg gamleby.

Vilnius, Litauen

Litauen er det mest folkerike av dei tre baltiske statane, men det er likevel mindre enn 4 millionar menneske i dette landet.

Minsk, Kviterussland

Vilnius ligg berre ein halvtimes køyring frå grensa mot Kviterussland, så eg måtte ta ein tur dit også. Kviterussland er eit av dei få attverande kommunistlanda, og byråkatiet var merkbart frå første stund. Det tok 90 minutt å komme gjennom grensekontrollen.

Kaliningrad, Russland

Kaliningrad er ein by med nesten ein halv million menneske, i ein liten enklave mellom Polen og Litauen, adskilt frå resten av Russland. Kaliningrad er ein av dei styggaste byane eg har sett.

København, Danmark

Frå Kaliningrad køyrde eg til Polen og tok ei ferje derfrå til København, der eg var dei siste dagane av ferien. Deretter køyrde eg til Oslo via Øresundbrua som går mellom Danmark og Sverige.