Turar til Pennsylvania

Pennsylvania er berre ein kort tog- eller buss-tur frå New York.

Lancaster

Lancaster var hovedstad i USA i éin dag, 27. september 1777. Den andre kontinentale kongressen hadde møte her medan dei flykta frå britane som hadde tatt kontrollen i Philadelphia.

Eastern State Penitentiary

Eastern State Penitentiary var basert på prinsippet om å rehabilitere kriminelle i staden for rein strafe. Då bygget stod ferdig i 1829 var det det største og dyraste offentlege bygget i landet. Fengslet var ein stor turistattraksjon, og bygget vart ein modell for over 300 fengsel rundt omkring i verda.

Philadelphia

Philadelphia er den største byen i Pennsylvania, og den nest største på den amerikanske austkysten. Byen er kjent som fødestaden til USA, ettersom Sjølvstendeerklæringa vart underteikna her.