50 millionar menneske bur i det tett befolka området som strekk seg frå Boston til forstadane til Washington, DC.
Boston, Massachusetts
Boston vart grunnlagt av puritanarar frå England på 1630-talet, og er ein av dei eldste byane i USA. Byen er eit internasjonalt senter for utdanning og medisin.
Springfield, Massachusetts
Springfield ligg på austbanken av Connecticut-elva. I 1777 vart United States’ National Armory grunnlagt i Springfield. Byen vart seinare eit senter for presisjonsindustri.
Providence, Rhode Island
Europearar slo seg ned i Providence, no hovudstaden i Rhode Island, så tidleg som i 1636. Byen er ein av dei eldste i USA.
Wilmington, Delaware
Wilmington er den største byen i Delaware, og berre ein 20-minutts togtur frå Philadelphia.
Baltimore, Maryland
Baltimore er den største byen i Maryland. Byen ligg nær Washington, DC.
Philadelphia, Pennsylvania
Etter New York er Philadelphia den største byen i megalopolisen.
Trenton, New Jersey
Trenton er delstadshovudstad i New Jersey
Princeton, New Jersey
Princeton er mest kjent for Princeton University, som har vore her sidan 1756.
New York City, New York
New York er den største byen i USA, og ligg midt i Megapolisen.
New Haven, Connecticut
Washington, DC
Washington er hovudstaden i USA, og sentrum for ein byregion på nesten 6 millionar menneske.
Alexandria, Virginia
Alexandria ligg ved elva Potomac, omlag 10 kilometer sør for sentrum av hovudstaden.
Arlington, Virginia
Arlington fylke har den største kontorbygningen i verda, Pentagon, og ein av dei største gravlundene, Arlington National Cemetery.