Medan verda var nedstengt på grunn av Covid-19, gjekk eg til innkjøp av ein bubil. I den reiste eg på mange turar rundt omkring i landet.
Telemark
I slutten av april reiste eg saman med Sasa på den første lengre tur med bubilen. Vi reiste til Seljordvatnet, Morgedal, Rjukan og Gaustatoppen.
Fjord og fjell
I mai reiste eg med nokre kameratar til Øvre Årdal innerst i Sognefjorden, deretter til Astruptunet ved Jølstravatnet, og tilslutt tilbake til Oslo via Vikøyri.
Nordfjord, Ålesund og Åndalsnes
I sluttan av mai reiste eg til Ålesund, gjennom Jotunheimen og Hjelle i Stryn. På veg tilbake til Oslo stoppa vi i Ålesund og gjekk opp til Rampestreken.
Fjelltur i Dalen
I juni reiste eg på ein tur til Telemark saman med Jamie. Vi overnatta først langs elva Heddøla ved Notodden. Frå Dalen gjekk turen til fots over Lårdalsstigen til Lårdal, og deretter med veteranbåten MS Victoria tilbake til Dalen. MS Victoria vart bygd i Oslo i 1882.
Stor rundtur i Sør-Noreg
I august tok eg bubilen på ein stor rundreise i Sør-Noreg, inkludert Rjukan, Mauranger, Sotra, Florø, Bremanger, Vestkapp, Ålesund and Åndalsnes.

































































































































