Eg vitja Ukraina etter at landet hadde vore under åtak frå Russland i nærare tre år. Ettersom det ikkje er kommersielle flygingar til Ukraina, måtte turen gå over land frå Kraków, gjennom Przemyśl og Medyka, til Lviv.
Kraków
Kraków si historie går tilbake 1600 år, og byen var hovudstad i Polen i over 500 år. Byen er ein av dei vakraste i Europa, og gamlebyen er på UNESCO si verdsarvsliste.
Przemyśl
Som grenseby har denne polske byen blitt eit knutepunkt for ukrainske flyktningar etter Russland gjekk til krig mot Ukraina i 2022. Przemysl har ei lang historie, og har vore kjempa over av Polen, Kievriket, Ungarn, Austerrike, Tyskland, det Russiske Emperiet, og til og med Sverige.
Medyka grensestasjon
Då eg reiste, var Medyka-Shehyni den einaste grensestasjonen der ein kunne krysse mellom Polen og Ukraina til fots.
























































































